John Gerick Bårøy fekk årets Kvernsteinspris


For sin stå-på-vilje og sitt gode arbeid i Hyllestad er John Gerick Bårøy tildelt Kvernsteinsprisen 2019.

Han er ei eldsjel både innan bygdeutviklingsarbeid, som leiar i Lifjorden bygdelag og som trenar i fotball og friidrett i Hyllestad IL.

Prisvinnaren var ein av til saman åtte kandidatforslag som Kvernsteinsnemnda fekk inn, der 27- åringen frå Hyllestad vart plukka ut som ein verdig vinnar.

Til dagleg jobbar han for Sunnfjord Energi AS og blir skildra som ein positiv person som er flink til å stå på. Det er aldri noko som er for mykje, eller ikkje let seg løyse.

- Då eg fekk e-posten der det stod at eg var årets prisvinnar, så måtte eg lese den to gonger før eg faktisk forstod kva som stod der. Det å bli verdsett på denne måten er veldig kjekt, og når ein ser på dei som har motteke den tidlegare år, så er det ein gjev pris å få, fortel ein audmjuk og glad Bårøy til Ytre Sogn.

Prisen vart delt ut på kommunestyremøtet torsdag.

Les meir om prisvinnaren i Ytre Sogn tysdag!