Johannes (11) ute med ny musikk på engelsk


Johannes Friis (11) frå Lavik har slept ut sin første song på Spotify og YouTube. No drøymer han om å bli ein verdskjent artist.

Johannes går under artistnamnet J-SA.

Falsk kjærleik

Friis fortel at han har skrive teksten sjølv og laga melodien sjølv.
– Songen er litt frå verkelegheita og litt frå fantasien min. Den handlar om ei jente som er “gold digger”. Ho er berre ute etter pengane til guten eg syng om. Når han ikkje har på seg alle diamantane sine så vil ho ikkje vere nærme han. Ho vil berre bli sett med han når andre folk ser at han er rik og har peng, fortel Friis og seier at han syng frå guten sitt perspektiv.

Satsar på engelsk

11-åringen likar å skrive songtekstar, men helst på engelsk.
– Eg er ikkje så flink til å skrive tekstar på norsk. Eg føler meg tryggare når eg skriv på engelsk. Så når eg jo ut til fleire, slik at fleire får høyrt og forstår musikken min, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!