Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. september 2019
Ytre Sogn 23. september 2019

Jaran Nordstrand er til vanleg brannkonstabel i Bergen brannvesen, medan kona Cathrine Vattekar Nordstrand er pedagogisk leiar i Fagertun barnehage. Det vil dei halde fram med, men reknar også med å bruke mykje tid på det nye klatresenteret som dei no er medeigarar i.Her er dei saman med borna Alvin og Laura.

Jaran og Cathrine satsar stort på klatresenter

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 16. august 2019

Saman med tre andre småbarnsfamiliar opnar Jaran Nordstrand (39) frå Høyanger og Cathrine Vattekar Nordstrand (36) frå Vadheim no det som blir største klatresenteret i Bergen.

– Vi er fire kompisar som har vore aktive i klatremiljøet i Bergen i mange, og vi har ofte snakka om å vi hadde lyst til å starte opp vårt eige senter. På eit tidspunkt var det eit bra nivå på dei som var i byen, men no er dei utdaterte. Det er også mindre senter, der ein berre har klatring. Så vi såg at det var eit behov for eit større – og med eit betre tilbod – i Bergen, seier Jaran Nordstrand (39) frå Høyanger til Ytre Sogn.

Det er han og dei tre kompisane hans Anders Melkevoll, Lars Mjåvatn og Håkon Henrik – i lag med familiane – som er eigarar av det nye Bergen Klatresenter, og som vil bli opna av ordførar Marte Mjøs Persen no på laurdag. Han fortel at dei lenge har vore på utkikk etter passande lokale, og for eit halvt år sidan fann dei nede ved sjøkanten i Laksevåg; ein 1200 kvadratmeter stor hall med nok takhøgde.

– Det var sjansen vi hadde venta på, og vi slo til med ein gong, seier han.

Sidan har dei brukt tida på å byggje den om, og innreie den.

Nordstrand fortel at i hallen er det fleire klatrerom. I tillegg til eit stort hovudrom for buldring, er det blant anna eige klatrerom for born.

– Vi som står bak Bergen Klatresenter er alle småbarnsforeldre, og difor har vi laga til eige rom for klatreleik for dei minste, blant anna med klatrehai.

Elles finn ein to treningsrom; eit for styrke og eit for koordinasjon. Det blir også tilbod om yoga i det nye senteret, samt eigen klatrebutikk.

– Vi har også eit stort kaféområda, som er lydisolert, men der vaksne har full oversikt over borna sine medan dei klatrar.

Dei har nemleg også ønskje om å skape ein sosial arena rundt klatringa, for heile familien. Der vild et også bli ulike arrangement, som til dømes føredrag av klatrarar, vising av klatrefilmar og liknande, .

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Jaran Nordstrand testar ut den største klatreveggen i Bergen Klatresenter, medan resten av familien sit nedanfor. (Foto: Dusan Mihailovic)
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord