Jan takkar av etter 47 år på verftet i Leirvik


Etter 47 år ved det som er hjørnesteinsbedrifta i Hyllestad kommune, på verftet som i dag har namnet Havyard Ship Technology AS, takkar Jan Løland (68) frå Leivik no av.

Som etterkommar av brørne Løland som grunnla bedrifta fall det naturleg at dette også vart arbeidsplassen hans.

Det heile starta i 1918 då bestefar hans Jonas Løland - i samarbeid med Eivind Bekken og Knut Wolff - bygde den første slippen ved elvemunningen i Leirvik, og starta vedlikehald og reparasjonar av fiskebåtar. Ti år etter bygde bestefaren verkstaden Løland Motorverkstad der far hans Martin Løland og onklar vart tilsett, og bygde den første båten «Loftesnesferja» i 1938.

-Eg hugsar godt at eg som liten gutunge på rundt fem år stod og følgde med på faren min då han stod ved teiknebordet og laga arbeidsteikningar. Det tykte eg var både spennande og imponerande. Så ein kan nok seie at eg vaks opp i bedrifta , og ganske tidleg lærte kva sveiseblink var, seier han og held fram:


- Viss eg ville sjå på når dei held på med sveisearbeid var det grei beskjed at då fekk eg ikkje stå i nærleiken, men vere inne og sjå på gjennom vindauget. Så ein kan vel seie at HMS var inne ganske tidleg, fortel han og ler.

Men det tek ikkje lang tid før latteren stilnar og ansiktet får eit alvorleg preg når praten kjem inn på temaet HMS (helse, miljø, sikkerheit, red.nrk). 

Alvorleg ulukke
For i tida då Løland jobba som hovudverneombod vart verftet råka av ei svært alvorleg ulykke.

Les meir i siste Ytre Sogn!