Jamt godt besøk for Høyangerbadet


- Besøkstal for Høyangerbadet har vore ganske jamt dei seinare åra. Billettinntektene ligg på om lag ein millon kroner årleg, seier bademeister Sven Erik Lillehauge til Ytre Sogn.

- Vi har hatt ein god auke i sal av mat i Høyangerbadet, noko som er svært gledeleg, seier bademeister Sven Erik Lillehauge.

Sidan 2012 har besøkstala hos Høyangerbadet vore jamne. Salet av mat har hatt ein god auke, legg han til.

- Eg vil seie at vi har hatt jamt besøk i 2016. Fleire grupper har oppdaga verdien av å bruke anlegget. Til dømes dei som er langtidsjukemeldte, og kjem inn under organisert fysikalsk trening.

Lillehauge seier det er vanskeleg å seie heilt nøyaktig kor mange som var innom badet i fjor, då systemet til Høyangerbadet ikkje registrerer dette grunna årsbillettar og liknande.

Auka matsal

Positive tal når det gjeld sal av mat viser at folk likar å hygge seg med mat og drikke på kafèn, når dei er på besøk i Høyangerbadet.

- Dei seinare åra har vi hatt ein god auke i sal av mat, frå om lag 360 000 kroner til 507 000 kroner, noko som er svært gledeleg, seier han.

Det er ein liten auke i inntektene, som kjem av utleige frå leietakarar som:
• Skular
• Barnehagar
• Institusjonar
• Saniteten
• Revmatikerforeningen
• Fysikalsk avdeling

-Vi har svært liten kapasitet på dagtid no, men dersom nokon ønskjer å leige enkelt timar skal vi klare å få organisert det, fortel bademeisteren.

Vedlikehald


Høyangerbadet er blitt 10 år og det fører til litt meir utfordringar på driftssida, spesielt vedlikehald. Ein del komponentar må bytast framover.

- Vi hadde stenging i fjor grunna vedlikehald, noko vi òg kjem til å gjere i år. Vi skal ha ein del vedlikehaldsarbeid i dusjar og badehall, noko som gjer at vi må stenge for publikum. Opplegget er å gjere det på ein slik måte at det går lite utover brukarane våre, seier Sven Erik Lillehauge.