Jaktar løysingar for vidare drift av Alværa


– Om vi ikkje føretek oss noko, vil det i realiteten bety avvikling av Alværa som leirstad, seier Geir Sørebø til Ytre Sogn.
Han er med i ei gruppe som no jobbar med å finne løysingar som kan sikre framleis drift.

– På årsmøtet i NMS Ytre Sogn i januar var det invitert til ei samling for å sjå på løysingar som kan sikre at Alværa Misjonssenter får tilstrekkelege inntekter, og med det også sikre drifta, seier Geir Sørebø, som no er pensjonist etter meir enn 30 år som prost, først i Ytre Sogn og så i Nordhordland.

– Om vi ikkje føretek oss noko, vil det i realiteten bety avvikling av Alværa som leirstad. Det kunne vi ikkje sitje roleg og sjå på, og ei arbeidsgruppe jobbar no vidare for å finne løysingar, seier han.

Sidan 1982 har NMS eigd og drive leirstaden, som ligg idyllisk til nede ved Sognefjorden, på Alværa, aust for Lavik. Nedgang i inntektere gjorde imidlertid at dei måtte sjå på kva bygningsmassen deira hadde å seie for totaløkonomien.

– NMS har, som andre misjonsorganisasjonar, eigd eit sotrt tal bygningar rundt om i landet, deriblant 12-13 leirstader. Å drifte og halde dei vedlike har vore ei stor utfordring for dei, og det enda med at dei vart samla i eit eigedomsselskap, NMS Eiendom. Samstundes vart det stilt krav om at kvar enkelt leirstad skulle gå i balanse, seier Sørebø.

Men det greidde ikkje leirstaden på Alværa.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!