Jacob Frøyen Bergset til Årdal FK


Høyang-spelar Jacob Frøyen Bergset (biletet) har meldt overgang til 3. divisjonsklubben i Årdal.

– Årsaka til at eg har meldt overgang er i hovudsak at det er eit nivå opp. Når det i tillegg klaffar med overføring av lærlingkontrakten min frå Hydro i Høyanger til Hydro i Årdal fekk eg meg ikkje til å seie nei, sjølv om det er vemodig å forlate Høyang og kompisane mine, seier han til Ytre Sogn.

Kor lenge han kjem til å bli i den nye klubben er usikkert, men han fortel at han enn så lenge forheld seg til lærlingtida han har igjen på Hydro, som er om lag halvanna år.

– Det blir kjekt å prøve seg på eit høgare nivå, og fotballgruppa har teke godt imot meg, fortel han.

Høyang-trenar Miguel Angel Maureira Molina seier til Ytre Sogn at dei no mistar ein kjempeviktig spelar som har vore sentral på laget.

-– Vi ønskjer Jacob lykke til i Årdal, men med han vekke må dei etablerte spelarane på laget ta det store ansvaret, og dei yngre kreftene byrje å vise seg fram, seier han til Ytre Sogn.