Iren gir full gass


Iren Moen (24) frå Kyrkjebø har bestemt seg for å gje gass. Bokstaveleg talt.

– Kor mange dekk som går med i løpet av ei helg på bane? Veldig mange. Rundt 20 vil eg tru, om bilen funkar som den skal. Så det er ingen billeg sport å halde på med, seier ho og ler.

Vi er i Kråkenesmarka, motorsportbana utanfor Førde, dit Iren Moen (24) reiser når ho skal trene drifting. Ho har nettopp fortald om bilinteressa som har vore der så lenge ho kan hugse, utan at ho veit heilt kvifor. Det er i alle fall ingen andre i familien som har hatt den.

– Men eg har alltid likt fart og spenning.

I 2012 var ho på sitt første Gatebil-treff, der bilentusiastar frå heile landet samlast. Då fekk ho for alvor opp augo for drifting.

– På treffet året etter vart eg kasta ut på bana i sambuaren min André sin bil, og då var det ingen veg tilbake, fortel Iren.

Like etterpå kjøpte ho sin eigen driftebil – ein Nissan S13. Men så vart ho gravid, på toppen av alt med tvillingar. Då hadde ho og André allereie eit barn.

– Eg innsåg at verken tid eller pengar ville strekke til. Så bilen vart seld igjen.

Men i 2015 fekk ho overtalt sambuaren til å kjøpe ny driftebil, ein Nissan S14. Dermed var ho i gang igjen.

Les meir i papirutgåva!