Inviterer til open skule


I samband med «Tryggleiksveke» arrangerer Robinson Navy - i samarbeid med Høyanger frivilligsentral - til open skule på Høyanger vidaregåande onsdag 25. september.

Tanken bak arrangementet er ifølgje miljøarbeidar Alex Ek å leggje til rette for eit betre sosialt miljø for ungdomar i kommunen, og auke aktivitetstilbodet for dei.

Meir attraktivt
– Open skule er noko vi ønskjer å få til ein gong i månaden, og på sikt kan det kanskje også vere med på å gjere det meir attraktivt å søkje seg til Høyanger vidaregåande, slik at elevtalet går opp, noko som heile bygda vil ha interesse av, seier han.
Tilbodet om open skule er for elevar på ungdomskule og vidaregåande skule, samt lærlingar, og for å få inn flest mogleg aktivitetar blir det gjennomført i samband med «Tryggleiksveka» i Høyanger 20.-27. september.
– Dersom nokon ønskjer å hjelpe til, har forslag eller vil vere med og bidra med aktivitetar så set vi stor pris på det. Fristen for å melde på ein aktivitet er innan programmet blir publisert 20.september. Så ta kontakt med meg så snart som mogeleg, er oppmodinga hans.

Ulike aktivitetar
Arbeidet med å lage det heile til skjer på frivillig basis, og sjølv om ønskjet er å få med endå fleire aktivitetar er mange ting allereie på plass.
– Det blir basistrening i idrettshallen, filmframsyning med kraftig lydutsyr, sjakkturnering med livestream på storskjerm, kurs i sjølvforsvar og førstehjelp, E-sport og open Reodorgarasje. I tillegg har vi airhockey, fotballbord, brettspel og diverse stand, som kommunen sin utstyrspakke. Men sidan alt arbeid vert gjort av frivillige, og vi difor ikkje har noko budsjett, så har vi behov for premiar til turneringane vi skal ha. Så det er berre å ta kontakt også om det om nokon har lsyst til å bidra, seier Ek