Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. september 2020
Ytre Sogn 18. september 2020

Eg tykkjer det er på tide at vi tek fart og har det litt moro. Så eg håpar mange unge tek turen til Valhall og tidenes Dark & Loud diskotek 28. og 29. august, seier Alex Ek til Ytre Sogn.

Inviterer til diskofest på Valhall

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 15. august 2020

Siste helga i august inviterer Robinson Navy til Dark & Loud diskofest for ungdom i alderen 16 – 26 år på Valhall i Høyanger.

-Grunna restriksjonar i samband med koronapandemien kan vi ha maks 60 personar inne. Difor har vi valt å arrangere fest både fredag og laurdag, slik at så mange som mogleg får dere med, seier Alex Ek til Ytre Sogn. 


– I tillegg til arbeidet med å rigge utstyr er det også mest økonomisk for oss å leige lokalet to samanhengande dagar, i staden for arrangement to separate helger. Arbeidet for å få dette til er det ungdomane i Robinson Navy-prosjektet og eg som står for, i godt samarbeid med OnCue.



Ek viser til at pandemien har ført til arrangement som dette ikkje har vore mogleg å arrangere på ein god stund, noko som først og fremst er veldig kjedeleg for ungdomane. 



– Med skulestart like rundt hjørnet vil dette og vere ein fin «bli kjent»-fest for elevane i den aldersgruppa, seier han.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord