Investerte i framtida


– Vi håper det blir lenge til neste gang vi investerer like store summar på eitt år. Men vi må sei at vi er godt nøgd med rekneskapen for 2018, særleg med tanke på dei kostnadane som kom med dei ulike innkjøpa.

Leiarduoen Per Andreas Øren og Lasse Øren i Per A Øren nytta fjoråret til å ruste konsernet for framtida, mellom anna gjennom innkjøp av eit betongblandeverk, nye vogntog, og ein ny brakkerigg. Dei fortel at rekneskapen sjeldan speglar verkelegheita for selskapa i konsernet, og at dei sjølv må vere opptatt av situasjonen her og no.

– Vi opererer i bransjar som krev at vi lever i notida. Det er store svingningar på kort tid, og mange eksterne faktorar vi ikkje har kontroll over som kan påverke situasjonen i selskapa. Dette kan vere alt frå endringar i løyvingar til prosjekt til korleis vêret er der vi arbeider. Så vi bruker minimalt med tid på det som skjedde i fjor. For oss er fokus alltid på gjennomføring av eksisterande oppdrag, og på å skaffe nye som kan vere med å sikre arbeidsplassar.

Fleksibel organisasjon

Ørenbrørne fortel om dyktige medarbeidarar og ein fleksibel organisasjon. Begge deler heilt nødvendig for selskap som Per A Øren Entreprenør og Per A Øren Transport, som saman med Per A Øren Eiendom utgjer dei tre selskapa i konsernet. Transport- og entreprenørverksemda står for over 98 prosent av omsetninga.

– Vi må vere omstillingsdyktige. Store oppdrag kan både komme og gå, og vi pleier å sei at vi ikkje har fått ein jobb før vi faktisk er i gang med den. Når oppdrag vi hadde rekna med å utføre forsvinn eller blir utsett kan det føre til store kostnadar, særleg når ein reknar med alle maskinene og alt utstyret vi har som kan bli ståande ubrukt. Men vi har nokre stabile kundar som gir oss ei viss forutsigbarheit, og som vi vil jobbe hardt for å halde på også framover. Dømer på dette lokalt kan vere Nyrstar og Høyanger kommune.