Investerer seks millionar i «nye» Leirvik Senter


Når den nye byggfasaden står klar i løpet av februar-mars, vil det vere brukt rundt seks millionar kroner på å oppgradere Leirvik Senter.

– Seint i fjor haust sette vi i gong med tredje og siste byggjetrinn, der vi blant anna oppgraderer fasaden. Det vil seie at vi skiftar både kledning og vindauge, samt byggjer terasse på heile framsida oppe i 2. etasje. Der er vi også i gang med å lage til ei kantine for leigetakarar i bygget, saman med eit møterom. Vi har etter kvart fått nokre einmannsbedrifter i bygget, og håpar med det å skape eit miljø for dei, seier Roar Einen i eigedomsselskapet Leirvik Utleigebygg til Ytre Sogn.

Etter planen skal dei vere ferdige i februar-mars, og då vil dei ha investert rundt 6,0 millionar kroner i bygget sidan dei overtok for fem år sidan. Tredje byggjetrinn kjem åleine på 2-2,5 millionar kroner.

– I tillegg til at det har vore naudsynt å gjere oppgraderingar på bygget, som er frå 1980-talet, handlar det også om eit ønskje om å vere med og skape aktivitet i Leirvik - og i Hyllestad kommune. Det gjer vi blant anna ved at vi no legg til rette for eit større kontorfellesskap, seier han.

Akvahub og Corokia er allereie på plass, og om ikkje lenger følgjer også Multivolt etter.

Les meir i Ytre Sogn!

Fasaden til "nye" Leirvik Senter, slik entreprenør Ryland Bygg ser den føre seg.