Investerer 12 millionar i nye produksjonslokale


– Det er få andre bedrifter i Norge som kan vise til eit slikt veskebehandlingsanlegg, i den storleiken vi får her, seier dagleg leiar Kjetil Hansen i SafeClean og ser opp på dei ti store produkttankane som er i ferd med å monterast i industribygget på Kyrkjebø.

Når dei kjem i drift 1.november vil dei ha investert heile 12 millionar kroner på å tilpasse dei nye lokala. Nye, moderne produksjonsanlegg utgjer mesteparten, det vil seie rundt 10 millionar kroner.

Dei nesten 4,5 meter høge tankane inngår i behandlinga SafeClean gjer av brukt kjemi som dei får inn til anlegget sitt. Etter å ha vore gjennom ein filtreringsproses, der slammen blir halden tilbake, hamnar resten oppi dei seks første tankane, som kan romme opptil 10 000 liter veske kvar.

– Til slutt får vi det vi kallar destillat, som blant anna gir oss reint vatn. Det hamnar i dei fire siste - noko støre - tankane. Gjenbrukseffekten ved det nye anlegget er med andre ord stor. Vi blir omtrent sjølvforsynte med vatn, fortel Kjetil Hansen når han - saman med kvalitetssjef Odd Erik Dingsøyr - er innom bygget på Kyrkjebø, der ombygginga er i full gang.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Frå 1. november satsar SafeClean på å vere i gang i dei nye produksjonslokala på Kyrkjebø.