Innovasjonsprisen til Hydro Høyanger


Elektrolyseaavdelinga til Hydro Høyanger er tildelt Innovasjonsprisen for 2017.
– Hydro har store forskingsmiljø, som jobbar kontinuerleg med innovasjon. Difor er det ekstra gjevt når det er ei elektrolyseavdeling som får den, seier fabrikksjef Stian Tangen til Ytre Sogn.

Forretningsområdet Primærmetall i Hydro har si årlege leiarsamling, og ei av dei største hendingane under samlinga er kunngjeringa av kva verk og einingar som har stukke av med dei gjeve prisane for eineståande forbetringar og resultat i året som gjekk. Og Innovasjonsprisen for 2017 gjekk altså til elektrolyseavdelinga ved Hydro Høyanger.

– Elektrolyseteamet i Høyanger har eliminert fleire høgrisikofaktorar gjennom ei rekkje innovative tekniske løysingar, heiter det i grunngjevinga frå juryen.
– Løysingane er utvikla i forbetringsgrupper med høg deltaking av operatørar, og er dermed eit glimrande døme på forbetringsarbeid som er organisert i høve til AMBS.

Fabrikksjef Stian Tangen tykkjer det er stort å få prisen.

– Hydro har store forskingsmiljø, som jobbar kontinuerleg med innovasjon. Difor er det ekstra gjevt når det er elektrolyseavdelinga vår som får den. Her er det blant andre operatørar som jobbar ute i hallen som genererer idear, og som dei finn løysingar på som er med og betrar sikkerheit og arbeidsmiljø. Så eg er veldig stolt over dei, seier han til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn fredag!