Ingen mål trass store sjansar


Høyang var heldige som kunne gå til pause utan baklengsmål i laurdagens kamp mot Stryn. Andre omgang var jamn, og heimelaget kunne ha knipe sigeren etter store sjansar på overtid. Men det enda mållaust.

Høyang måtte klare seg utan målfarlege Joakim Sjøtun Måren og Nikolas Trollebø som begge er ute med skadar. Trenar Leif Arne Tveit sa før kampen at dette ikkje uroa han, fordi laget har bra erstattarar.

– I løpet av ein sesong må vi rekne med at det vil vere spelarar som ikkje er speleklare til ei kvar tid, og det er noko vi må takle. Stryn var blant favorittane før sesongstart, men resultata så langt tilseier at vi skal ha ein bra sjanse, så vi går for siger, sa Tveit til Ytre Sogn.

Høyang-spelarane viste også frå start at det var tre poeng dei gjekk for, og opna klart best. Jakob Rømo og Michael Våge vann viktige duellar på midtbana. Dei spelte fram Erlend Giil og Thomas Dyrrdal som var friskt frampå i motvinden dei fem første minutta av 4. divisjonsoppgjeret på Sletta laurdag ettermiddag.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!