Ingebjørg stilte ut på SCOPE Miami


– Å gå rundt i lokala på Miami Beach, og vite at ein er del av utstillinga var ikkje til å tru, seier biletkunstnar Ingebjørg Støyva (40) frå Nessane.

Ho var nemleg ein av åtte kunstnarar frå Galleri Ramfjord – eit av landets mest innflytelsesrike galleri – som fekk delta.

– SCOPE er samtidskunstmesser som vert halde årleg i tre byar, New York, Miami og Basel. Galleri Ramfjord, som eg har vore del av siste åra, har delteke i fleire år, og denne gong var eg så heldig å få vere med, seier Ingebjørg Støyva (40), som opphavleg er frå Nessane i Balestrand, men no bur og jobbar i Aurskog-Høland, ein time frå Oslo.

Å få mogleheit til å delta på SCOPE i Miami, som gjekk av stabelen rett før jul, var noko ho ikkje ein gong torde å drøyme om.

– Å få stille ut bilete eg har laga for så mange menneske er jo fantastisk. At nokon også finn noko i bileta mine som dei set pris på er større enn eg kan uttrykkje med ord, seier ho.

Mellom 60 og 100 utstillarar er med i kvar by. Sjølv hadde ho med i alt seks av dei tidlause, figurative måleria sine.

– Dei eg hadde med til Miami måla eg i førekant. Det var altså ikkje slik at eg valde dei ut, fortel
Ingebjørg

Ho reiste nemleg bort til Miami sjølv for å oververe det heile, i lag med nokre veninnener.

– Det er ei utstilling som har mange besøkende, så det å oppleve det var stort for meg. Og så var det veldig moro også at utstillingsbygget blir sett opp på sjølve stranda. Det gav det heile ei avslappa, behagelig stemning, blanda med noko storslått. Det å gå rundt i lokala der og vite at ein er del av det er ikkje til å tru.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

"Mellom" var eit av bileta ho hadde med til Miami.