Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. september 2019
Ytre Sogn 20. september 2019

I år vil ikkje ferieheimen på Norevikane (biletet), mellom Vadheim og Lavik, vere open for gjester.

Inga drift av ferieheimen på Norevikane i sommar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 28. juni 2019

– Utan nokon til å drive Fagernes ferieheim er det ikkje anna å gjere, seier Astrid Refsdahl,Anne-Britt Nygård og Lars Kjetil Skeie om at ferieheimen som Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforeing (HKIF) eig på Norevikane ikkje er open for gjester denne sommaren.

I staden er den utleigd til arbeidarar ved Havyard-verftet i Leirvik.

– Det betyr at vi har leigeinntekter i alle fall ut august, seier Astrid Refsdahl, Anne-Britt Nygård og Lars Kjetil Skeie til Ytre Sogn.

Siste åra har det vore Hotel Sognefjord i Leirvik, ved ulike eigarar, som har drifta Fagernes ferieheim – tidlegare Norevikane/Fagernes Hytte- og konferansesenter.

– Dei sa imidlertid opp avtalen ved årsskiftet fordi det var vanskeleg å få det til å gå rundt økonomisk, utan tilstrekkeleg aktivitet i skuldersesongen. Sommaren åleine er ikkje nok, seier dei tre.

Samstundes er behovet for oppgradering av ferieheimen stort.

– Det er noko vi ikkje har midlar til, seier Skeie og viser til at dei nyleg fekk utarbeidd ein tilstandsrapport på ferieheimen, som består av hovudhus og 11 hytter. Den viser blant anna at to av hyttene ikkje ein gong vil løne seg å oppgradere.

– Det vi har av inntekter hentar vi på medlemskontingent. Og med synkande medlemstal er det avgrensa kva vi har å bidra med av midlar, seier Refsdahl.

Dei må no sjå på kva dei skal gjere vidare med feirestaden.

-Skal vi behalde feriestaden, men setje vekk drifta til andre, eller skal vi selje den? Den avgjerda er det årsmøtet i HKIF som må ta.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord