Industrien skal utviklast


"Industrien vår representerer eit enormt potensial, men det krev også at vi tek vårt ansvar og støttar opp om rammevilkåra" skriv Hilmar Høl og Torbjørn Vereide i innlegget sitt.

Det var dei norske fossefalla som la grunnlaget for det norske industrieventyret. I 1909 blei det politisk semje om at vasskrafta var eigd av folket og skulle kome fellesskapet til gode. Det skal vi vere glad for, for dette var eit vegval som verkeleg betydde noko. Her i landet valde vi å satse på teknologi og kompetanse framfor snarvegar og dårlege lønningar. Samarbeidet med fagbevegelsen og lokalsamfunn var oppskrifta, og resultatet i dag er verdas reinaste industri.
Industrien vår representerer eit enormt potensial, men det krev også at vi tek vårt ansvar og støttar opp om rammevilkåra. I møte med marknadsknekken til bilindustrien vil dette vere heilt avgjerande for hjørnesteinane våre. Her er 5 områder vi tykkjer er særskild viktige i tida som kjem:

1. Langsiktige kraftkontraktar
 Føreseielege vilkår er avgjerande, og sikring av langsiktige kraftkontraktar heilt essensielt. Botnlinja blir uansett påverka av renter og kronekurs, når ein opererer i ein internasjonal marknad. Det som skaper meir uro er auka i kraftprisar og nettleige. Sidan 2018 har Statnett arbeidd med å innføre ein ny tariffmodell som vil råke norsk industri generelt, aluminiumsindustrien spesielt. Om planane blir vedtekne, vil kostnaden til Hydro sine aluminiumsverk på Vestlandet auke med om lag 250 millionar i året. Dette kan vi ikkje akseptere. Om straumen blir dyrare, blir det vanskelegare å drive kraftforedlande industri i Noreg. Dette må takast omsyn til i utforminga av ein ny tariffmodell.

2. Industri framfor ny kabel Sjølv om utveksling gir inntekter til kraftselskapa, gir det dyrare straum for folk og industri. Difor må det ikkje byggjast nye kablar før dei eventuelt bidrar til lågare pris. For Arbeidarpartiet er dette så viktig at vi gjorde meir enn å protestere, då konsesjonssøknaden om NorthConnect-kabelen kom på regjeringa sitt bord. Med politisk handverk har vi hindra konsesjon i denne kritiske perioden med høgrefleirtal. Vi har òg fått endra energilova, slik at tilsvarande søknader ikkje kjem igjen. Dette trass i at regjeringspartia hadde breitt fleirtal for noverande energilov, med støtte frå Frp og Sp. Energipolitikken må handle om nokre grunnleggande prinsipp som og tek vare på lokalsamfunna våre.Krafta vår. Den høyre til fellesskapet.

3. Investering i framtida Ein stor del av norsk industri står i dag i eit teknologiske skifte som gir store moglegheiter for framtida. Bedriftene skal omstille seg til ein meir miljøvenleg produksjon. Difor må staten vere med å stille opp med omstillingsmidlar gjennom blant anna ENOVA. I dag er det mange prosjekt som står klare til oppstart dersom ein får tilgang på kapital. Og her i våre eigne trakter. Dette er og ein viktig grunn for å sette fart på miljøteknologiordninga. Allereie i haust var det komen inn søknadar på prosjekt for 200 millionar kroner meir enn det som er i heile fondet. Så er det sjølvsagt ikkje alle som burde få tilslag. Men det seier noko om potensialet om ein sett av tilstrekkeleg kapital.

4. Full CO2-kompensasjon Då EU innførte kvotesystemet sitt i 2005, gav det auka straumprisar i Noreg. Etablering av kraftforedlande industri utanfor Europa, gav konkurransefortrinn. Difor har EU gitt høve til å kompensere for auka kraftpris gjennom CO2-kompensasjonen. Denne skal utlikne ei dobbel klimaskattlegging på kraft frå den kraftforedlande industrien. Ein ting er sikkert: Utan CO2-kompensasjonen ville mange tusen arbeidsplassar i hjørnesteinsbedriftene gått tapt. Retningslinjene for dette regelverket utgår i 2020, og EU har difor sett i gang eit arbeid for å lage nye retningslinjer for det neste tiåret. Her hjelper det ikkje med noko tafatt innsats. Framleis full CO2-kompensasjon må vere eit klokkeklart krav.

5. Stille opp for leverandørindustrien Eit viktig grep for å halde aktiviteten opp i leverandørindustrien vår, er å lyse ut dei kontraktane som allereie er venta. Dette kan motverke permitteringar, oppseiingar og konkursar. Ikkje minst må leverandørindustrien få innfridd forventingane om at det vil kome store statlege satsingar. Det handlar om elektrifisering, havvind, hydrogen og karbonfangst- og lagring. Regjeringa har nølt for lenge. No må vi sette i gang.

Frå koronakrise til industrioptimisme

Koronakrisa har vist styrken i den norske modellen med sterk stat og samarbeid i eit ordna arbeidsliv. Framfor alt har vi følt på betydninga av trygge og gode arbeidsplassar. Prosessindustrien fortener honnør for jobben som er gjort i samarbeid med dei tilsette, for å både produksjonen og arbeidsplassane. Så er det ingen tvil om at vi har eit viktig jobb framfor oss i tida som kjem, men dette skal vi klare saman. For industrien vår: Den skal utviklast.