Imponert over Sara sine portrett


- Eg er imponert over kor levande du har fått augo hennar. Eg høyrer at det er det vanskelegaste når du lagar portrett, seier kultursjef i Høyanger, Anita Nordheim, og ser bort på ho som står bak.

Det er sambygdingen Sara Strandheim Forfod, som deltok på kunstutstillinga under UKM-festivalen i i helga. Kultursjefen var den som opna det heile, og etterpå gjekk ho rundt i lokala for å sjå nærare på dei over 50 kunstverka som var med. Forfod stod for to av dei.

- Det er stort sett portrett eg lagar, anten eg teiknar eller måler. Det er det eg likar best. Og augo er alltid det eg byrjar med. Det er dei som gir liv til det heile, forklarar ho.

- Ja, eg er imponert over korleis du får det til, seier Nordheim.

- Det er kjekt å høyre, repliserer Sara.

Til Ytre Sogn fortel ho ar det er andre gong ho er med på UKM-festivalen. Også i fjor stilte ho med bilete.

- Eg synest det er kjekt å vise fram bileta mine til andre. Det er jo ikkje så mange andre stader vi kan gjere det, enn når vi er med på UKM. Og då blir eg sjølvsagt glad når folk seier at dei likar dei, seier ho med eit smil.

Les meir om UKM-festivalen som var i Høyanger i helga i siste Ytre Sogn!