Imponerande turnframsyning i Høyangerhallen


Dei om lag 85 turnarane i IL Høyang si turngruppe serverte laurdag ettermiddag eit show med alle dei ingrediensane publikum kunne ønskje.

Høgdepunktet for mange var då dei unge turnarane for første gong på heimebane kunne presentere doble saltoar, noko som skapte spontane jubelrop.

Det var under det fylkesdekkande turnstemnet, arrangert av Skavøypoll IL i byrjinga av månaden, at turnarane i IL Høyang for første gong presenterte doble saltoar for publikum. Laurdag var det tid for den årlege framsyninga på heimebane, og dei doble saltoane sat som dei skulle denne gongen også.

Men det var langt frå berre spektakulær akrobatikk som imponerte dei mange som fylte tribuneradene. Publikum var med frå første innslag, og vart sjarmerte av dei yngste turndansarane som består av første- og andreklassingar.

Les meir om framsyninga i Ytre Sogn tysdag!