Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. august 2020
Ytre Sogn 14. august 2020

Thomas Frichsen og Malin Fjæren utgjer trenarapparatet til damelaget komande sesong. (Foto: Sindre Ulvestad)

IL Høyang stiller igjen damelag i 3.divisjon

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 4. februar 2020

Etter eitt år med 7’ar-fotball i 4. divisjon for damelaget til IL Høyang, stiller dei igjen 11’ar-lag i 3. divisjon. Thomas Frichsen er tilbake som hovudtrenar.

– Eg har forstått at styret i IL Høyanger har hatt utfordringar med å finne trenarar til fleire av laga. Så då eg i møte vart spurt om å ta over damelaget, sa eg ja til det. Men eg hadde sjølvsagt ikkje gjort det om eg ikkje var motivert for det, seier Thomas Frichsen om å vere tilbake som hovudtrenar for damelaget, etter to år.

Med som hjelpetrenar får han mest truleg Malin Fjæren, som tidlegare har vore trenar for aldersbestemte lag.

Det var før 2019-sesongen at IL Høyang bestemte seg for å trekke laget i 3.divisjon ettersom dei sleit med nok folk til å stille lag. I staden vart det 7’ar-fotball i 3.divisjon.

– Det var viktig for å halde hjula i gang. Utan det hadde det vore mykje vanskelegare å kome i gang att med damelag på seniornivå, påpeiker Frichsen.

No har dei ein tropp på 17 spelarar, og jobbar framleis med nokre til.

– Det er ikkje fleire enn vi må ha, men nok til at vi kan stille 11’ar –lag igjen, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord