Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

Leiar i IL Høyang Svein Arne Høyheim, butikksjef ved Sport´n Høyanger Odd Arild Løseth og turnuslege og medlem nummer 1000 i IL Høyang Maren Ameline Frønsdal.

Har runda 1000 medlemmar

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 30. november 2017

Turnuslege Maren Ameline Frønsdal frå Bergen vart medlem nummer 1000 i IL Høyang.

IL Høyang, med leiar Svein Arne Høyheim i spissen, nådde målet om å nå 1000 medlemmar før nyttår. Ein strålande nøgd leiar håpar på endå fleire medlemmer, og aukar målet til 1050 før årsskiftet.

– Den 1. januar 2017 var vi 920 medlemmar. Vi sette oss som mål å nå 1000 før nyttår. Det klarte vi og Maren Ameline Frønsdal vart siste brikka i å nå det målet, seier Høyheim til Ytre Sogn.
Han tykkjer det er i

mponerande at IL Høyang har 25 prosent av Høyanger kommune sine innbyggjarar på medlemslista.

– Ser ein berre på innbyggjarane i tettstaden er vi nær 50 prosent, seier Høyheim.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord