Ikjefjord fekk første tilskot


Kristin Myren og Bård Østerbø i Ikjefjord var dei første som fekk stimuleringstilskot til husbygging i Høyanger kommune. Tilskotet er på 200 000 kroner.

Dette vart markert på julemøtet til kommunestyret. I samband med ymse tildelingar under middagen fekk Kristin Myren overrekt blomster for å markere denne hendinga.

Byggjeløyve vart gjeve 14. juli 2015 og ferdigattest er utferda 15. oktober i år.

29. januar 2015 gjorde kommunestyret slikt vedtak: Som stimuleringstiltak til erstatning for sal av tomter til redusert pris, vedtek kommunestyret at det skal ytast eit stimuleringstilskot på 200 000 kroner. Ordninga gjeld for heile kommunen og uavhengig av om tomta ligg i kommunalt eller privat bustadfelt. Tilskotsordninga gjeld også ved oppføring av bustad på enkelttomter. Tilskotet gjeld per tomteeining og blir utbetalt når det ligg føre ferdigattest. Tilsegna fell bort dersom arbeidet med oppføring av bustadhus ikkje har starta opp inntil to år.