I oldefar sine fotspor


Statssekretær i Fiskeri- og næringsdepartementet, Magnus Thue, gjekk i oldefaren sine fotspor då  han sist veke besøkte Hydro Høyanger for å sjå på aluminiumproduksjon. Han kunne fortelje at oldefaren hadde jobba på verket i 45 år, og at Høyanger og aluminiumsindustri difor stod hjarta hans nær. 

Hydro Høyanger fekk onsdag 2. mai besøk av statssekretær Magnus Thue i Nærings- og fiskeridepartementet, og embetsmann Petter Herdlevær. Tidlegare i veka deltok dei på næringskonferansen i Balestrand, og sidan dei var i området ville dei gjerne også få sett på eit aluminiumsverk.

Les meir i dagens Ytre Sogn