I gang med øvingar til Medina & Næss-konsert


Onsdag kveld hadde dei som skal kore Chris Medina & Eirik Næss under julekonserten deira i Høyanger kyrkje 9. desember første øvinga si.

Rundt 40 personar hadde møtt opp i aulaen på Høyanger skule, noko Anita Nordheim var godt nøgd med.

– Og vi veit om i alle fall fem til som ikkje hadde høve til å møte i kveld. Så dette er over all forventning, seier kultursjef Anita Nordheim til Ytre Sogn.

Men ho skulle gjerne sett at det var fleire gutar og menn blant dei som møtte opp.

– Så det er berre å møte opp på neste øving, er oppmodinga hennar.

Dei vil ha øvingar på i alt seks onsdagar framover, i tillegg til seminar tre helger.

Konserten skal vere i Høyanger kyrkje den 9. desember.

Når Ytre Sogn kjem innom på første øvinga, har dei akkurat kome i gang med oppvarminga. Sidan skal dei byrje å byrje å øve på to av songane dei skal framføre på konserten om rundt to månader; Disney-klassikaren «When you wish upon a star», og Chris Medina sig eigen store hit, «What are words».

– Koret skal vere med på godt over halvparten av songane på konserten. I tillegg til 12 songar i lag med Chris Medina og Eirik Næss, har vi også to åleine, seier Nordheim.

Medina vart verdskjend etter opptredenen sin i tv-showet «American idol» for nokre år sidan, med nettopp «What are words». Sidan har han jobba som artist og låtskrivar, og har no base i Norge. Nyleg var han også med på «Århundrets stemme» på TV2.

Næss er ein norsk artist og musikar, blant anna kjend frå trioen sin BISÅN, samt deltaking i norske «Idol». Han har også jobba med kjende artistar som Alan Walker, Ida Maria og Angelina Jordam.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!