Lokale nyhende frå Ytre Sogn 17. februar 2020
Ytre Sogn 17. februar 2020

Frå tomta si har Ken-Åge Ørnehaug Utvær flott utsikt mot Sognefjorden og arbeidsplassen sin.

I gang med første hus i Prestemarka

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 10. januar 2020

To år etter at Ken-Åge Ørnehaug Utvær kjøpte tomt i bustadfeltet Prestemarka i Lavik er gravearbeidet i gang.

Til Ytre Sogn fortel 34-åringen, som opphavleg kjem frå Solund og jobbar på ferjesambandet Lavik–Oppedal, at han er glad for at arbeidet på tomta endeleg er i gong, og at han med det er eit steg nærmare husdraumen.

– Eg ser verkeleg fram til å få det nye huset på plass og flytte inn. For tida leiger eg eit lite rom hos bror min på Askøy, men med turnusjobbing med 14 dagar på og 14 dagar av blir det mykje pendling. Så eg ser verkeleg fram til å flytte inn i det nye huset, seier Ken–Åge Ørnehaug Utvær til Ytre Sogn.

I tillegg til å ha ei fantastisk utsikt, er den med sine 788 kvadratmeter største enkelttomta av dei til saman 19 byggjeklare tomtene på bustadfeltet.

Utvær fortel at det at han vil få 200 000 kroner i tilskot frå Høyanger kommune og at tomta ligg så sentralt plassert var avgjerande for valet om å byggje hus i Lavik.

– Eg kjem frå Solund som ligg 20 minutt unna med båt, jobben min er rett nedanfor her, og det er kun to timar til Bergen. Så det er vel så sentralt som det er mogleg å bu, i alle høve for meg.

Høyanger-ordførar Petter Sortland tykkjer det er svært gledeleg at Utvær no er i gang i Prestemarka.

– Høyanger kommune har investert stort med å opparbeide dette nye bustadfeltet med 19 tomter. Mitt håp og tru er at investeringa hans vil føre til at fleire får augo opp for dette flotte tomtefeltet.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

– Huset som er eit såkalla modulhus, og vil bli sett opp i løpet av kort tid, seier Ken–Åge Ørnehaug Utvær (t.v) til Ytre Sogn. Her saman med Kjell Bjørkhaug som i lag med sønene Steinar og Martin driv firmaet Bjørkhaug Maskin, som no er i gang med å tilretteleggje på tomta.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord