Lokale nyhende frå Ytre Sogn 2. juni 2020
Ytre Sogn 2. juni 2020

Dei som var med i sportstoget var: 1.rad f.v.: Else Britt Nese, Frank Solvorn, Vegard Drage Skreien og Anja Pettersen. 2.rad f.v.: Marcus Sneve, Malin Frøyen Bergset, Samuel Solvorn og Jarl Ivar Mjånes. 3.rad f.v.: Odd Arild Løseth, Henry Skår og Morten Rørvik. Framme: Erlen Skreien. (Begge foto: Erlend Skreien)

I 17.mai-tog opp trappene
 i Høyanger

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 17. mai 2020

Sjølv om dei tradisjonelle 17.mai-togene i sentrumsgatene i Høyanger uteblir i år, gjekk eitt som vanleg.

– I år er det ikkje så mykje som skjer på nasjonaldagen, på grunn av koronasituasjonen. Då er det fint å kunne halde på nokre tradisjonar, seier Erlend Skreien, om det som har blitt eit fast innslag om morgonen 17.mai, nemleg sportstoget opp dei 1268 trappene som følgjer røyrgata oppover fjellsida i Høyanger.


- Denne gong utfordra eg også dei eg har med meg i 17.mai-komitéen til å bli med, og vi var fire derifrå som stilte opp. Elles hadde vi med oss fire spreke gutar frå 7.klasse, i tillegg til nokre andre sambygdingar, seier han.



Han fortel at i år er femte gong dei har sportstoget.


-Første gong var i 2016, i regi av friidrettsgruppa til IL Høyang. Vi tenkte at det kunne vere ei artig greie, og sidan har vi halde på tradisjonen.



Og det heile skjer i god tid før den tradisjonelle 17.mai-frukosten. Klokka sju er det oppmøte i botnen av trappene. I år var ikkje vërgudane heilt på deira side. Men sludd i kasta hindra ikkje dei i alt 11 som vart med i toget å kome seg opp, fortel Skreien.



– Det vart også litt annleis i år på grunn av forholdsreglene vi måtte ta, som å halde god avstand til kvarandre. Men det gjekk bra det óg, seier han.

Med passe avstand mellom seg, la dei i veg opp dei 1268 trappene.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord