- Hyllestad er friskmeldt


Lokalsamfunnet i Hyllestad kan no friskmeldast.

Det melder kommunen på heimesidene sine etter møte i beredskapsleiinga fredag. Der konkluderte ein med at ein no har god oversikt over koronautbrotet. Folkehelseinstituttet (FHI) deltok også i møtet, og kom med gode råd til det vidare arbeidet.

- Frå måndag 12. oktober vil difor barnehage, skulefritidsordning og skule opne igjen, med naudsynte smitteverntiltak.

Det same vil Hyllestadhallen og aktiv på dagtid. 

- På Eiklund sjukeheim vil vi enno i ei tid framover ha besøksrestriksjonar. Det er laga til eit eige besøksrom på sjukeheimen, der ein som pårørande kan treffe bebuar.  Det er for å hindre ei eventuell smitte å komme inn i avdelingane.

Største i landet

Koronautbrotet var eit av dei største i landet, med 80 stadfesta smittetilfelle i Hyllestad, samt enkelte tilfeller i nabokommunane som har samanheng med dette utbrotet.

- Dei som er smitta har heldigvis alle milde eller få symptom på korona, og ingen har vore lagt inn på sjukehus. Personar som har fått påvist smitte er alle i isolasjon til dei er symptomfrie.

Nokre er i isolasjon på brakker på Havyard sitt område, medan andre er sendt på koronahotell i Bergen, og i karantene til Bergen og Førde. Retesting viser at ingen i karantene som har teke denne testen er positive. - Dette gir god grunn til å vere optimistisk. 

Godt samarbeid

Smittesporinga viser, som kjent, at utbrotet kjem frå skipsverftet i Leirvik.

- Den viser og at det er ingen ukontrollert smitte i lokalbefolkninga.  Lokalsamfunnet kan difor friskmeldast.

Hyllestad kommune trekk elles fram godt samarbeid med nabokommunar i denne perioden. Blant anna har Fjaler stillt smittesporingsteamet sitt til disposisjon.

- God dialog og godt samarbeid med verftet har òg vore avgjerande i denne perioden. Vi er takksame for all støtte og bistand vi har fått.