Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

Lærar og elevar i 9. klasse ved Hyllestad skule (f.v) Lærar Odd Rune Thorseth, Henrik Øen, Robin Avedal Skaar, Tor-Emil Thorsnes Solstad, Hubert Wyderski, Kaja Isabel Lavik Wilson, Lise Malene Boge, Hedda Mirzaei, Jardar Kjos, Lars Emil Hovland Siljander, Espen Tonning, Marte Ness, Jakob Sognnes Solheim og Astrid Eiken Flage.

Fekk prøve seg på linefiske

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 11. september 2018

Det vart ein draumedag på sjøen for 9.klassingane ved Hyllestad skule. Sist vekk fekk dei prøve seg som mannskap på autolinebåten M/S Haugefisk.

Elevane fekk lære mykje både om sjølve båten og om linefiske i praksis, som del av prosjektet som Den Kulturelle Skulesekken står bak, saman med Musea i Sogn og Fjordane.
M/S Haugefisk er ein shelterdekka linebåt som vart brukt til banklinefiske i Nordsjøen, Nord-Atlanteren og Barentshavet. Haugefisk har teknologien autoline, der egning og avegning av lina er automatisert. Eldsjeler i fiskerinæringa fekk i 2005 berga fartøyet frå kondemnering og Kystmuseet i Sogn og Fjordane overtok fartøyet på antikvarisk grunnlag.

Skuledag på sjøen

Klasseforstandar Odd Rune Thorseth hadde med seg 13 elevar frå 9. klasse då båten gjekk frå kai ved Sørbøvåg torsdag morgon. Elevane vart delt inn i tre grupper. Mannskapet gjorde ein fantastisk jobb ved å undervise elevane om korleis fartøyet fungerer og korleis linefiske blir gjort i praksis.

Les meir i dagens Ytre Sogn

Mannskapet (f.v.) Thorbjørn Løland, Kåre Jarl Langeland, Bjørn Fjellheim, Ola Martin Grotle, Jorunn Bjerk, Skipper Håkon André Hatlem, Håkon Dyrstad, Liv Dyrstad, Rune Rylandsholm, Sveinung Hatlem og Kjell Grotle.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord