Hydro utvidar piloten etter vellykka testar


Prosjektleiar Dag Nestegjerde fortel om gode resultat så langt for pilotforsøket Uno Metal, som går ut på å gjenvinne metallrestane som ligg att i botnen av elektrolyseomnane.

– Resultata til no er veldig gode. Første fase var å få verifisert kapasiten og syklustider for omnen. Utbyttet av aluminium har variert frå 39 til 75 prosent. Det vil seie at på det meste har vi greidd å hente ut tre tonn aluminium av fire tonn råstoff, eller bunnkaker, som er avfallet vi behandlar, seier Dag Nestegjerde, som har utvikla konseptet og leiar pilotforsøket, til Ytre Sogn.

- Difor går vi no inn i en fase der vi testar ulike kvalitetar av bunnkaker for å få optimalisert og verifisert gjenvinngsgraden på eit stabilt høgt nivå. Vi vil sjølvsagt ha ut mest mogleg aluminium. Vi vil difor sjå meir på prosessen i førekant med mekanisk bearbeiding av bad og sortering. Unødig bad er bortkasta energi, seier han.

Han fortel vidare at dei allereie har fått henvendingar frå andre Hydro-verk om prosesering av deira bunnkaker.

Opphavleg gav Miljødirektoratet dei løyve til å behandle 10 tonn eigengenererte bunnkaker, som er klassifisert som farleg avfall. No har dei søkt om - og fått løyve til - å behandle ytterlegare 25 tonn.

- Vi vil også teste andre biprodukt, seier Nestegjerde.

Elles kan han fortelje at også utsleppsmålingane som er gjort undervegs er lovande og stadfestar miljødelen av konseptet.

– Jo meir forureina råstoffet er, jo større utslepp blir det. Vi held oss likevel godt innanfor det Miljødirektoratet gav løyve til, som var maksimalt 100 gram. Vi har brukt 10 gram, seier prosjektleiaren.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!