Hydro klagar på eigedomsskatten


Hydro Aluminium har sendt klage til Høyanger kommune på eigedomsskatten. I klagen kjem det fram at skattetaksten vart meir enn dobla.

Bakgrunnen for klaga er at kommunen har gjennomført ny taksering av verket. Dette er blitt gjort for å fastslå takstgrunnlaget for perioden 1. januar i år til 31. desember 2026.

Den nye taksten er sett til 1.216.400.000 kroner. Det er meir enn ei dobling samanlikna med taksten frå 2016. Han var på 606.060.000 kroner.

Satsen for eigedomsskatt i Høyanger kommune er sju promille. Etter den nye taksten skal Hydro årleg betale 8. 514.400 kroner i eigedomsskatt dei neste ti åra. Det er om lag 4. 272.000 kroner meir enn det dei har betalt kvart år i perioden frå 2006 til og med 2015.

Les meir i papirutgåva