Hydro i pluss: –⁠ Men utviklinga er framleis bekymringsfull


Trass korona og låge prisar på aluminum, går Hydro sine metallverk i Sogn med overskot.

Onsdag presenterte Hydro Høyanger eit overskot før renter og skatt på 15 millionar kroner i andre kvartal. Årdal hadde eit overskot i andre kvartal på 55 millionar kroner. Fabrikksjef i Høyanger Arne-Martin Kjærland oppsummerar andre kvartal som krevjande og usikker. Det kjem fram i ei pressemelding.

Rosar dei tilsette


– Som alle andre har vi òg følgt nøye med på pandemien og innført ei rekkje smittevernstiltak. Samstundes som vi har halde produksjonen gåande og blei vant til nye måtar å jobba på, så såg vi at etterspurnaden etter aluminium falt drastisk. Då er det svært gledeleg å sjå at innsatsen frå dei tilsette for å redusere interne kostnadar, viser seg godt på resultatet. I tillegg har prisen på aluminium halde seg på et akseptabelt nivå, og kronekursen har bevega seg i vår favør, seier Kjærland i pressemeldinga.

Han ser likevel ikkje ein betydelig oppsving i etterspurnaden i den komande tida.

– Utviklinga er svært bekymringsfull for Hydro Høyanger

Pandemien har ført til brått fall i etterspurnaden av aluminium. I tillegg har Statnett bestemt seg for å auka tariffen for kraftforedlande industri, noko som vil kosta Hydro sine verk i Noreg meir enn 250 millionar kroner meir i året.
I tillegg er EU i ferd med å vedta eit nytt rammeverk for CO₂-kompensasjon som kan gje dei norske verka auka kostnader i milliardklassen dersom Noreg vert definert som ein eigen kraftregion.

– Kombinasjonen pandemi og negative rammevilkår som auka nettleige og det at ein kan mista CO₂-kompensasjonen, gjer at vår konkurransekraft vert svekkja og at nye investeringar vert lagt på is, seier Kjærland.

– Denne utviklinga er veldig bekymringsfull for Hydro Høyanger, lokalsamfunnet vi er ein del av og norsk kraftforedlande industri generelt. Norske politikarar må syta for at CO₂-kompensasjonsordninga vert vidareført og tilpassa Noreg, held han fram.