Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

Arne Werge-Olsen og Ann Synnøve Øygård frå Hydro i samtale med stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

Kan få ekstrarekning på 12 millionar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 25. november 2019

– Det vil utfordre den kraftkrevjande industrien i Sogn og Fjordane sin eksistens, seier Ann Synnøve Øygård, fungerande fabrikksjef hos Hydro Høyanger, til Ytre Sogn.

Torsdag møtte representantar frå Hydro og Elkem dei fire stortingspolitikarane frå Sogn og Fjordane for å leggje fram konsekvensane den føreslåtte omklassifiseringa av ei rekkje 132 kV-nettanlegg vil ha for den kraftkrevjande industrien i fylket.

For aluminiuksverket i Høyanger kan dei bli dramatiske, ifølgje fungerande fabrikksjef Ann Synnøve Øygård.

– Vi treng forutsigbarheit og langsiktigheit. Det får vi ikkje med omklassifiseringa frå transmisjonsnett til distribusjonsnett. Den vil bidra til det motsette, og gje oss betydeleg auka kostnader, seier ho til Ytre Sogn.

For dei kan omklassifiseringa gje ein samla auke i nettleiga på 12 millionar kroner i året; fordelt på 8 millionar kroner frå omklassifisering til distribusjonsnett og 4 millionar kroner frå Statnett sin tariffreduksjon.

– Klart at det vil slå svært negativt ut for oss i ein allereie krevjande situasjon, der vi jobbar hardt for å kunne levere positive resultat, seier Øygård.

I 2018 hadde dei eit overskot på 10 millionar kroner.

– Med ein auke i nettleige på 12 millionar kroner, betyr det i praksis at vi går frå pluss- til minusresultat, seier ho.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord