Hydro Høyanger gir 100 000 til TV-aksjonen


Søndag 20.oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der pengane i år går til CARE Norge og deira arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område. Hydro Høyanger er blant dei som støttar den, med 100 000 kroner.

Tradisjonen tru bideg Hydro sine 11 produksjonsstader rundt om i landet med 100 000 kroner kvar til TV-aksjonen, som tilsaman utgjer 1,1 millionar kroner. Produksjonsanlegga deira er i dag på Karmøy, Sunndal, Årdal, Høyanger, Sogn, Husnes, Røldal-Suldal, Magnor, Vennesla , Holmestrand og Vækerø i Oslo, som gir engasjement og lokal forankring til TV-aksjonen sitt arbeid i store deler av landet.

– Vi ønskjer å vise samfunnsansvar ved å vere med og bidra i saker vi tykkjer er viktige, slik som denne, som er viktig for verdsutviklinga. Å utdanne kvinner og jenter har vist seg mange gonger at får opp bruttonasjonalproduktet (BNP) rundt omkring i verda, så det er eit veldig viktig bidrag, seier Ann Synnøve Øygård og Jonny Manseth ved Hydro Høyanger til Ytre Sogn.

Onsdag denne veka overrekte dei gåvesjekken på 100 000 kroner til den lokale aksjonskomiteen, som blir leia av Birgitta Hagen Kyrkjebø.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!