Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. oktober 2020
Ytre Sogn 20. oktober 2020

Torsdag denne veka overrekte Jonny Manseth (f.v.) og Hydro Høyanger gåvesjekken på 100 000 kroner til den lokale aksjonskomitéen, leia av Petter Sortland.

Hydro Høyanger gir 100 000 til TV-aksjonen

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 16. oktober 2020

-Vi er både glade og stolte, seier Peter Sortland i den lokale aksjonskomitéen om gåvesjekken på 100 000 kroner frå Hydro Høyanger.

– Det bidreg også til at vi kvart år kjem høgt opp på oversikten over kor mykje dei enkelte kommunane gir til TV-aksjonen, legg han til.


I år går pengane som vert samla inn til WWF og arbeidet deira med å bekjempe plast i havet. Kvar år hamnar nemleg åtte millionar tonn plast i havet. Den truar ikkje berre dyrelivet, men også oss. 
Midlane frå årets TV-aksjon skal brukast til konkrete tiltak der problemet er størst: Ein fjerdedel av plasten i havet kjem frå Søraust-Asia. Difor er dei øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand. I samarbeid med lokalbefolkning, styresmakter og næringsliv skal WWF bidra til å redusere utslepp av plast til elvar og hav med 7000 tonn årleg
.

Ikkje upåverka
- Men temaet er like aktuelt i Norge, med si lange kystlinje, som andre stader i verda, understrekar Petter Sortland, og held fram: .
- Ingen av oss var vel upåverka av historia om kvalen som vart funnen her på Vestlandet, med magen full av plast. Det sette verkeleg fokus på problemet.

Alle verka


Elles når det gjeld årets TV-aksjonen bidreg Hydro sine produksjonsstader rundt om i landet – samt hovudkontoret i Oslo – med tilsaman 1,15 millionar kroner. Det vil seie ein gåvesjekk på 100 000 kroner frå Hydro Høyanger, som personalsjef Jonny Manseth overrekte til den lokale aksjonskomitéen torsdag denne veka. 


Han seier at dei ønskjer å vise samfunnsansvar ved å vere med og bidra i saker dei tykkjer er viktige, slik som denne.


- Vi er glade for å kunne bidra til ei meir berekraftig utvikling, seier han og viser til at forsøplinga råkar alle, anten plasten flyt i land på norske strender eller skadar havområde på andre sida av kloden.

Vert digital

Og Sortland er naturlegvis glad for pengane frå Hydro Høyanger. Sjølv bidreg Høyanger kommune med 20 000 kroner, slik dei også gjorde i fjor.


- Som dei fleste har fått med seg blir årets TV-aksjon spesiell ved at den – som mykje anna – vert digital på grunn av koronapandemien. Det betyr at bøsseberarar ikkje kjem på døra, men at ein kan gje bidrag på tre måtar. Det eine er å opprette si eiga digitale bøsse på spleis.no, der ein oppmodar familie, vener og andre til å gje. Det andre er å vippse eit beløp til 2133, eller ein kan overføre det til bankkontonummer 8380 08 09005, seier Sortland, og oppmodar alle til å støtte opp om TV-aksjonen, slik dei har gjort tidlegare år. 


– Eg håpar at formen på årets TV-aksjon ikkje har noko å seie for beløpet folk vel å gje.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord