Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. desember 2018
Ytre Sogn 19. desember 2018

Fabrikksjef ved Hydro Høyanger, Stian Tangen seier Leanprisen er ein av dei gjevaste prisane eit norsk verk kan vinne.

Finalist til «Årets norske Leanverksemd»

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 11. oktober 2018

Hydro Høyanger er ein av fem finalistar til den prestisjetunge Leanprisen. Verket er valt ut på bakgrunn av strukturert forbetringsarbeid for å skape konkurransekraft og svært aktiv involvering av tilsette.

Det er Lean Forum Norge som står bak prisen som skal fremje verdiskaping gjennom innovasjon og utvikling av ei bedrift. Styret avgjer kven som får prisen, basert på vurderingane til ein fagkomité. Prisen blir delt ut på årskonferansen til Lean Forum Norge, som vert arrangert i Oslo 6-7.november i Oslo.

Fabrikksjef ved Hydro Høyanger, Stian Tangen seier Leanprisen er ein av dei gjevaste prisane eit norsk verk kan vinne.

– Dette er NM i Lean. Vi har sikra oss finaleplass fordi vi er gode på å involvere heile organisasjonen i å skape forbetringer. Vi er det minste verket i Norge, men vi er likevel i eliten blant verdas aluminiumsverk. Det er fordi vi i Høyanger er ein heilskapleg gjeng som trekk i lag, og kvar dag bidreg til å jobbe litt smartare enn dagen før, seier ein stolt Tangen.

Han peiker også på at dei har ein organisasjon som evnar å tenkje nytt og finne smarte løysingar på store utfordringar.

– Spesielt på sikkerheit har innovasjonar frå golvet fjerna eit tosifra tal risikoarbeidsoppgåver berre det siste året, noko som gjer oss sikrare og dermed meir robuste. Sikkerheit kjem alltid først, understrekar Tangen.

Terje Norevik, som leiar det såkalla AMBS-arbeidet (Aluminium Metal Business System, red.mrk.) ved Hydro Høyanger, seier det er godt innarbeidd på verket i både produksjon- og stabsavdelingar.

– Vårt arbeid med kontinuerlig forbetring har gjort at vi er ein foretrekt leverandør til kundane våre. Vi har gode driftsresultat og er svært flinke på HMS, seier Norevik.

Blant dei andre finalistane til prisen er Hydro Sunndal.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord