Lokale nyhende frå Ytre Sogn 2. juni 2020
Ytre Sogn 2. juni 2020

1.mai byrja høyangringen Robert Grønli som fabrikksjef ved Hydro sitt valse Holmestrand, med sine 430 tilsette. (Foto: Roy Stranna/Hydro)

Høyangring er ny sjef for Hydro Holmestrand

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 7. mai 2020

– Det var kanskje på tide at verket fekk ein sjef frå Høyanger, seier Robert Grønli (56) og ler. 
1. mai byrja han som fabrikksjef Hydro sitt valseverk i Holmestrand.

– Det kanskje ikkje alle veit er at det var fabrikken i Høyanger, som Sigurd Kloumann og Norsk Aluminiums Compagni (NACO) etablerte i 1915, som gjorde at det to år etterpå kom fabrikk i nettopp Holmestrand. Dei måtte ha ein stad å levere aluminiumen, som låg nærmare marknaden på Austlandet. Fabrikken måtte også liggje ved sjøen, sidan aluminiumen kom med båt frå Høyanger. Og det vart altså i Holmestrand, ved at ein kjøpte opp det som heitte Sveiseverket, fortel Robert Grønli (56) til Ytre Sogn. 



Aluminiumen som kom til Holmestrand skulle nyttast til å produsere kokekar, som etter kvart fekk det velkjende namnet Høyang, ettersom den vart laga av aluminium frå Høyanger. 



– Så det var kanskje på tide at dei no også fekk ein sjef derifrå, seier han og ler.



Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord