Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. september 2020
Ytre Sogn 18. september 2020

Frå ei synfaring i lokala tidlegare i år. F.v Stein Gudmundseter (eigar), Håkon Henrik (eigar), Jaran Nordstrand (eigar), Bjørn Helge Rønning (tømrar), Per Kristian Kongsvik (styreleiar, tindeklubben) og Marius Erstad (eigar). (Foto: Privat)

Høyangring bak nytt klatresenter i Førde


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 22. august 2020

Etter suksessen med Bergen Klatresenter, vil høyangringen Jaran Nordstrand og dei andre eigarane no opne eit liknande senter i Førde.


Dei satsar på å ha det ferdig innan nyttår.



– Det har gått veldig bra i Bergen etter at vi opna klatresenter der i fjor haust. Ja, det har blitt ein samlingsplass for heile familien, der alle finn utfordringar på sitt nivå. Noko av det same håpar vi no å få til i Førde, men i noko mindre skala. Det skal bli eit topp moderne klatresenter, seier Jaran Nordstrand frå Høyanger til Ytre Sogn.



Han og kona Cathrine Vattekar Nordstrand frå Vadheim er ein av fire småbarnsfamilier bak tilbodet på Laksevåg i Bergen, og dei same vil no gå inn på eigarsida i det som får namnet Førde Klatresenter. Med seg har dei Våtedalen Tindeklubb. 



Lokala, som er i Sunnfjordhallen, er på rundt 900 kvadratmeter. Ifølgje Nordstrand vil størstedelen brukast til klatreareal.



- Vi skal oppgradere og utvide klatreveggen som er der no, og byggje ny buldrevegg, seier høyangringen. 



Men også den sosiale biten er viktig. Difor vil lokala også innehalde kafekrok, leikeområde og klatrebutikk.

Les meir i neste Ytre Sogn!





⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord