Høyangerdagane blir ny folkefest


Hald av datoane. Helga 31. mai til 2. juni går Høyangerdagane av stabelen.

I november i fjor vart det kjent at Gøyanger ikkje vil bli arrangert i 2019, og sidan den gong har det blitt arbeidd med å finne eit alternativ til det etter kvart så tradisjonsrike arrangementet. No er løysinga klar. Med prosjektmidlar frå Høyanger Næringsutvikling i ryggen har Kristin Sandal i OnCue samla lokale aktørar til å arrangere Høyangerdagane frå 31. mai til 2. juni.

– Det nye arrangementet hentar inspirasjon frå tidlegare arrangement i kommunen og har ein modell som baserer seg på at ulike aktørar bidrar med sitt. Vi i OnCue tek ei koordinatorrolle der vi ordnar med marknadsføring og held i trådane, men det blir andre som leverer aktivitetane, opplevingane og innhaldet i Høyangerdagane elles.

Samstundes tek IL Høyang over avviklinga av det tradisjonsrike motbakkeløpet.

Les meir om saka i siste utgåve av Ytre Sogn!