Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. september 2019
Ytre Sogn 23. september 2019

– Det er utruleg flott at så mange har møtt opp for å vise motstanden sin mot vindkraftutbygging i Høyanger, seier initiativtakarane Janne Kristin Bøyum og Reidun Dale (nr tre og fire, framme t.v.)

Høyanger viste motstand mot vindkraftutbygging

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 5. september 2019

– Dette er ei viktig sak og det er utruleg kjekt at så mange har møtt opp til markeringa i gule vestar, noko som synleggjere motstanden folk har til vindkraftutbygging i Høyanger kommune, seier initiativtakarane Janne Kristin Bøyum og Reidun Dale til Ytre Sogn.

I samband med folkemøtet om vindkraft i Høyanger samfunnshus onsdag kveld møtte folk opp i gule vestar på Bytorget for å markere motstanden sin mot planane om slik utbygging i kommunen sin.

Les meir i siste utgåva fredag

Både små og store var med på markeringa på Bytorget i Høyanger. Nokre stilte også med eigne plakatar, med slagord som «La fuglande få leve» og «La naturen være i fred» på.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord