Høyanger vil ta imot ni flyktningar neste år


Høyanger kommune er bedt om å ta imot 15 flyktningar neste år. Men sidan det også er varsla familiegjenforeiningar neste år, vil dei ikkje ta imot fleire enn ni.

Det er i alle høve formannskapet si tilråding til kommunestyret, som gjer endeleg vedtak i saka. Med det følgde dei også tilrådinga til rådmann Arve Varden. Han byrja med å seie at han fann det litt oppsiktsvekkjande at Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) ikkje har bedt alle norske kommunar om å ta imot flyktningar. Han meiner det er eit ansvar som bør liggje til alle.

– Vi har i alle år vore positive til å busetje flykningar i kommunen vår, og no ber IMDi om at vi tek imot 15 til neste år. Men vi veit også at det i 2017 er venta to familiegjenforeningar på tilsaman 11 personar. Det er i alle høve det vi har kjennskap til per i dag. Når vi også veit at arbeidet i høve familiegjenforening har blitt meir og meir omfattande, meiner eg at vi bør melde tilbake til IMDi at vi berre tek imot 9 flyktningar neste år, sa Varden på møtet.

Han la også til at medrekna dei 11 som er venta i samband med familiegjenforeining kjem dei likevel opp i 20 totalt.

– Det er fem fleire enn det vi no er bedt om å ta imot, påpeika Varden.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!