Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. mai 2018
Ytre Sogn 20. mai 2018

– Det nærmar seg at vi kan setje i gang med utvidinga av tannklinikken vår i Høyanger, seier Clara Øberg, tannhelsedirektør i Sogn og Fjordane, til Ytre Sogn.

8,0 millionar til ombygging

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 13. januar 2018

Høyanger vidaregåande skule har fått 8,0 millionar kroner til ombygging i 2018. Den inneber blant anna utviding av tannklinikken.

– Vi håpa på å komme i gang i løpet av fjoråret, men har måtte vente på at det også kom midlar til skulen, sidan det heng saman utvidinga hos oss. Når vi skal utvide tannklinikken i Høyanger, som held til i bygget til den vidaregåande skulen, må vi inn på areal som i dag blir nytta av dei, som laborarium og auditorium. Det må erstattast annan stad i bygget, og det må løyvast midlar til det. Men no er det på plass, etter at fylkestinget på møtet før jul vedtok å setje av 8,0 millionar kroner til ombygginga ved Høyanger vidaregåande skule i investeringsbudsjettet for 2018. Så då nærmar det seg at vi kjem i gang med utvidinga av tannklinikken, seier tannhelsedirektør i Sogn og Fjordane, Clara Øberg, til Ytre Sogn.

Les meir i fredagens Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord