- Høyanger treng nokre fyrtårn som trekk folk


Direktør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord meiner at planane til Vennelaget for Stølsvegen til Nova er både riktige og viktige.

- Det gjer eg av to grunnar. Det eine er at Høyanger har eit stort, uutnytta potensial som turiststad. Det andre er at vi, som er tett på både norsk og utanlandsk marknad, veit at det er naturbaserte attraksjonar turistane som kjem til Norge og fjordane etterspør, seier Ståle Brandshaug til Ytre Sogn.



Som vi fortalde i førre utgåve vil Vennelaget for Stølsvegen til Nova - beståande av Sven Erik Lillehauge, Odd Arild Løseth, Gaute Haugen og Frida Nessestrand Vefring - gjere den gamle stien opp mot Nova til ein ny, spektakulær attraksjon. Til det har laget fått Stibyggjaren AS, som har lang erfaring med bygging av stiar ved å nytte sherpaer frå Nepal, til å gjere ei forundersøking.



Brandshaug fortel at vart kjend med planane til venneforeninga om å ruste opp den gamle stien til Nova tidlegare i år. 



- Men det må også seiast at det ikkje er nok med ein tursti. Det finn ein også mange andre stader, som til dømes i Aurlandsdalen. Stien må difor å også ha noko som gjer den spektakulær, til dømes eit utsiktspunkt på veg opp, som dei også har planar om i Høyanger. Og det må gjerne vere fleire av dei, seier Brandshaug om det han også kallar selfiepunkt.



- Det er stader der folk tek bilete av seg og legg ut på sosiale media som Instagram, Facebook og anna, for å vise andre kor spektakulært det er. Det vil kunne trekkje endå fleire dit, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!