Høyanger toppar på miljø


For andre året på rad toppar Høyanger tabellen for samleposten miljø og ressursar i Kommunebarometert 2016.

Ifølgje Kommunal Rapport har Høyanger dei siste åra renovert barnehagar, skular og rådhus og er opptekne av å bruke moderne teknologi, som fjernvarme. Dette har lønt seg. For sjølv om kommunen berre ligg midt på tabellen i Kommunebarometeret totalt, hamnar den øvst på samleposten for miljø og ressursar.
Ein av årsakene er svært låge energikostnader.

–Vi har ein stor symjehall med internasjonale mål og med utebasseng some r ope frå mai til september. All oppvarming av bassenga skjer via fjernvarme frå aluminiumsverket. Vi har også eit stort idrettsanlegg med oppvarma kunstgrasbane, forteå rådmann Arve Varden til Kommunal Rapport.

Sorterer avfall

Det blir også trekt fram at alle dei vel 4000 innbyggjarane i kommunen er knytt opp mot anlegg der reinsekrava er oppfylt og kjeldesortering er sjølvsagt. Høyanger er tilknytt SIMAS, Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap. På eigen stasjon kan innbyggjarane levere blant anna tre- og hageavfall, gjenbruksting og farleg avfall.

–Sjølv sorterer eg både mat, papir og plast, seier Varden.

Høyanger er også oppteken av å leggje til rette med naturstiar for at innbyggjarane lettare kan bruke naturen. Ein miljøarbeidar som arbeider med helse, miljø og trivsel er tilsett i 100 prosent stilling, melde Kommunal Rapport.