Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. oktober 2019
Ytre Sogn 14. oktober 2019

1.januar neste år startar ei omfattande rehabilitering av Høyanger samfunnshus. Men innbyggjarane skal framleis ha tilbod om bibliotek og kino, lovar Anita Nordheim og Bjørn Berstad i Høyanger kommune.

Samfunnshuset blir stengt frå 1.januar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 29. september 2019

Frå 1. januar blir Høyanger samfunnshus stengt i eit år, på grunn av rehabilitering. Det får også konsekvensar for aktiviteten som i dag er i bygget.

– Dette er eit bygg som er viktig for innbyggjarane i kommunen, og det er mykje som skjer der. Biblioteket held til i bygget. Det same gjer kinoen. Vi er opptekne av at nnbyggjaranei framleis skal ha desse tilboda, sjølv om bygget vert rehabilitert. Difor har vi no funne andre, mellombelse løysingar, og flyttar dei andre stader, fortel Anita Nordheim og Bjørn Berstad i Høyanger kommune til Ytre Sogn.

Det inneber blant anna at biblioteket vert flytta til Gunnar S. Galleriet for utlån av nyare bøker.

– Gjennom fjernlån kan publikum låne alt dei ønskjer av bøker her. Det er gjort avtale om bibliotektransport to gonger i veka, og bøkene vert levert og utlevert ved galleriet, fortel Nordheim. Galleriet vil også ha ein aviskrok, der ein kan sitje og lese ulike aviser og magasin.

Nyare lokalhistorie vert å finne på Høyanger Industristadmuseum.

– I tillegg vert det barne- og ungdomsfilial i Ungdomsklubben to gonger i veka, fortel ho.

Når det gjeld kinoen har det vore meir utfordrande å finne løysing på, med dei krava som vert stilt til lokala.

– Men no har vi inngått avtale med Bygdekinoen om å vise film i aulaen på Høyanger skule. Det håpar vi å få til anna kvar fredag.

Tilsaman skal det brukast 20 millionar kroner på å rehabilitere samfunnshuset. Arbeidet inneber blant anna å bytte ventilasjonsanlegg for å redusere fyringsutgifter, modernisere elektriske tavler for å betre tryggleiken, montere heis for universell tilkomst, samt å bytte ut stolane i kinoen.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord