Høyanger-ordføraren: - Veldig trasig


- Veldig trasig, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland om at produksjonen ved Nyrstar sin fabrikk i Høyanger vil stanse opp.

Det var NRK Vestland som først meldte om dette torsdag kveld.

- Vi har nett kome opp att i kneståande etter Fundo-konkursen, og så får vi dette opp i fanget,. Nei, dette er berre trasig, seier han til Ytre Sogn.

Vil ha møte



- Men vi gir oss ikkje, legg Høyanger-ordføraren raskt til og viser til at eigarane har forpliktingar overfor lokalsamfunnet som dei ikkje kan springe frå. 



Det gjeld blant anna leigekontrakta i høve fabrikken, som han ikkje ser nokon grunn til at dei utan vidare skal terminere. 



- Tilgang på rimeleg konsesjonskraft har dei også fått. Difor forventar vi ein ryddig prosess av dei framover, seier Sortland og vil no krevje eit møte med leiinga i konsernet.



- Vi skal også vere harde på at dei skal vere med og leite fram andre produkt og marknader til fabrikken. Og dei skal vere med på ein skikkeleg prosess i høve dei tilsette opp mot ny aktivitet.

Nye eigarar




Om dei ikkje får det til, får dei sleppe til nye eigarar som får overta fabrikken som den står, meiner Sortland. .



- Det gjeld også teknologien som vert nytta i produksjonen, seier han og viser til at Nyrstar sin fabrikk i Høyanger aldri har gått så bra som den har gjort no, med stadige produksjonsrekorder.



- Det er gjort ein formidabel jobb av dei tilsette. 



Difor er han også oppteken av at det framleis er håp for fabrikken.

- Vi skal kjempe for den med nebb og klør.



Ut september


Ifølgje ordføraren er det Trafigura - hovudaksjonær i Nyrstar - som har teke avgjerda om å stanse produksjonen i Høyanger.

Råstoffet som til no har gått frå Antwerpen i Nederland til Høyanger, skal i staden sendast med båt til Australia og Søraust-Asia.

- Slik er det å vere ein liten filial i eit stort internasjonalt konsern. Både Nyrstar og Trafiguera ligg «behageleg» langt unna. Ein fabrikk med 36 tilsette i Høyanger, kva er vel det? 
seier han syrleg.



Fabrikken i Høyanger skal ha nok råstoff til å drive ut september. Etterpå vil den gå over i såkalla «vedlikehaldsmodus», det vil seie at det vert rundt fem tilsette att, medan resten vert permitterte.
.