Høyanger-ordføraren: - Einaste fornuftige å gjere


- Det var einaste fornuftige å gjere, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland om at regjeringa ikkje vil gjennomføre forslaget til nasjonal ramme for vindkraft.

I denne var i alt 13 område vurdert som særleg eigna for etablering av vindkraftproduksjon, blant anna i kommunen hans.

– Tanken bak både prosessen og utforminga av ei nasjonal ramme for vindkraft var at det skulle vere konfliktdempande. Det kan vi etter 5000 høyringsinnspel, der flesteparten er kritiske, oppsummere at ikkje er oppnådd. Difor kjem vi ikkje til å gå vidare med forslaget til nasjonal ramme med dei 13 utpeika områda, seier olje- og energiminister Kjell Børge Freiberg i ei pressemelding.

Det er Høyanger-ordføraren glad for.

-I utgangspunktet var det einaste fornuftige å gjere, med bakgrunn i det voldsame engasjementet som har vore rundt det. Det kom inn over 5000 høyringsuttalar, og dei fleste var negative, påpeiker han.

Det siste har også fått regjeringa til å opne for å gjere noko med konsesjonsbehandlinga.

- I så fall er vi på rett spor.

Sortland tek imidlertid for gitt at dei same vindkraftaktørane vil prøve å sikre seg dei same områda, sjølv om nasjonal ramme blir skringlagd. Ja, gjerne også andre område som ikkje er med i den.

- Men eg oppfattar det slik at no kan plan-og bygningslova igjen bli førande. Det vil seie at kommunane får meir å seie når det vert søkt om konsesjon. Eg håpar i alle fall at det er vegen det no ber, seier han.