Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap) meiner at kommunane si innflytelse i vindkraftsaker ikkje er vesentleg styrka i regjeringa si stortingsmelding.

«Det er berre snakk om kosmetiske endringar»

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 20. juni 2020

Regjeringa vil stramme inn handsaminga av konsesjonar i stortingsmeldinga som kom fredag om vindkraft på land. Men Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap) meiner dei ikkje går langt nok.

– Det er berre snakk om kosmetiske endringar, ved blant anna å seie noko om høgdene på mastene og avstand frå turbinane, seier han til Ytre Sogn.


Det som han og mange andre ordførarar tidlegare har etterlyst, er kommunane si innflytelse i vindkraftsaker. Det meiner han ikkje er vesentleg styrka i den nye meldinga, sjølv om den føreslår betre lokal og regional forankring, samt eiga regionvis handsaming
.

-Kvifor ikkje køyre løpet fullt ut, og la kommunane ha siste ordet, slik vi har i andre arealsaker, ved at dei blir handsama etter plan- og bygningslova? Det hadde vore naturleg også her. Det handlar om store industrianlegg i fjella våre, seier Sortland og peikar på at no er det energilova som er styrande i handsaminga av konsesjonssaker.


- Dei seier vel eigentleg at vi ikkje har kompetanse nok til å avgjere desse sakene, og det har eg vanskeleg for å svelge, seier han, og meiner at så lenge ein får bruke den lova, vil ikkje vindkraft få legitimitet i befolkninga. 


– Det handlar om lokaldemokrati, og at synspunkta våre blir høyrde.


Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord