Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

Det var god stemning etter framsyninga då alle var samle på scena. Høyanger kulturskule er den tredje eldste i fylket, etter Gloppen (1974) og Årdal (1977). (Foto Mohanned Galal)

Høyanger kulturskule feira 40 år

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 22. oktober 2018

Høyanger kulturskule er 40 år og søndag feira dei med storslått festkonsert og utstilling i Høyanger samfunnshus. Kulturskuleelvane stod i sentrum.

Konferansier for kvelden var kultursjef Anita Nordheim, som losa dei frammøtte i kinosalen gjennom eit variert musikalsk program. Med seg hadde ho Anne Hjetland, som var den første rektoren ved det som i byrjinga heitte Høyanger musikkskule, og noverande rektor Beate Kjølstad.
–Det er utruleg moro at nivået og spelegleda er som den er. Det har vore mykje øving. Det høyrer vi av framføringa. Det ser kjekt ut og eg kosar meg masse, sa kultursjefen undervegs i førestillinga.

Etter at dei flinke ungane i kulturskulen hadde framført musikk av alt frå Olav Sande og Abba, til Mozart og Lennon/McCartney, og dans, fekk kultursjefen Anne Hjetland og Beate Kjølstad, samt ordførar Petter Sortland fram på scena.

Les meir i Ytre Sogn tysdag

Kultursjef Anita Nordheim (f.v.), første rektor Anne Hjetland, noverande rektor Beate Kjølstad og ordførar Petter Sortland på scena.

Fotoserie: Arvid Fimreite / Mohanned Galal

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord