Høyanger kommune treng fleire sjukepleiarar


– Det er lenge sidan det har vore så vanskeleg å fylle opp ledige sjukepleiarstillingar, seier Høyanger-rådmann Kjellaug Brekkhus. No vil ho sjå på tiltak som kan gjere det lettare.

– Noko av det ein prøver å få til er eit desentralisert studium for sjukepleiarar i Sogn. Dei har tilsvarande i Nordfjord, som er drifta av Høgskulen på Vestlandet, og det har vore vellykka med tanke på rekruttering, seier Kjellaug Brekkhus, rådmann i Høyanger, til Ytre Sogn.

- Det kan til dømes vere omsorgsarbeidarar eller andre som allereie er tilsett i kommunen, som har ønskje om å vidareutdanne seg.

Ho trur uansett at det kan bli eit viktig bidrag til å fylle ledige stillingar, og ikkje berre i kommunen hennar.

- Vi er ikkje dei einaste som slit med å få tak i sjukepleiarar og anna helsepersonell no for tida. Det gjeld ei rekkje mindre kommunar rundt om.

Når det gjeld Høyanger har dei per i dag behov for i alle fall 5-6 sjukepleiarar innanfor den kommunale helsetenesta. Det gjeld både på sjukeheimar og i heimetenesta.

- Stilllingane har vore utlyste to-tre gonger i haust, utan at det har vore søkjarar til dei, seier Brekkhus om meiner det er lenge sidan det har vore så vanskeleg å fylle dei opp.

- Vi må nok mange år tilbake, meiner ho.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!